Hyllar Haarklou med eigen festival

Søndag 21. oktober blir det Haarkloufestival i Eid kyrkje. Med Eid mannskor, fiolinist Miriam Bergset, pianist Andreas Løken Taklo, sopran Nora Sårheim og organist Ralph Cupper.

Søndag 21. oktober skal det vere Haarkloufestival i Eid kyrkje. 

Nyhende

På konserten blir det framført eit variert program med kor-, orgel- og kammermusikk i hovudsak av Johannes Haarklou, Sogn og Fjordane sin romantiske komponist. Johannes Haarklou var fødd i Haukedalen, Førde kommune, i 1847 og døydde i Oslo i 1925. Komponisten frå Sunnfjord er blitt omtalt som ein føregangsmann i norsk musikkliv frå 1880 til 1925. Og utvilsamt ein av dei mest allsidige komponistar som Norge har hatt nokon gong. I 1911 blei Haarklou utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden og fekk kunstnarløn av staten.