Tilbake til røtene på Stårheim for å gifte seg

Amerikanske Julia Marie Edwards gifta seg i tippoldemora sin over hundre år gamle brudekjole og med gummistøvlar som bryllaupsantrekk.

PÅ VEG TIL KYRKJA: Brudeparet Julia Marie Edwards og Joel Thomas Hatfield inviterte til bryllaupsfeiring med ei god blanding av norske og amerikanske tradisjonar, og dei let ikkje regnvêret vere til hinder for å gjennomføre dagen akkurat slik som dei hadde planlagt. Spelemennene Thomas Hals og Sigmund Larsen var hyra inn for å spele fele både under prosesjonen, i kyrkja og på festen. Det er ikkje bra for ei fele å bli våt, og den eine spelemannen måtte bere paraplyen, så den andre kunne spele på veg til kyrkja.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Julia er tippoldebarn av Marie Serene Orheim, og laurdag gifta ho seg i tippoldemoras brudekjole i Stårheim kyrkje, i den same kyrkja der Marie vart døypt i 1876.