Inviterer til spleiselag for julelys

Nordfjordeid senter manglar no 100.000 kroner for å få realisert nye julelys i sentrum. No vil dei ha folk med på eit spleiselag for å skape den magiske julestemninga.

jul i sentrum: To månader før advent og juletid håpar Nordfjordeid senter på å skape tidenes jul i Eid, med nye julelys i gata. 

Nyhende

Nordfjordeid senter har bestilt inn nye julelys i Eidsgata og delar av Eid sentrum. Dei nye lysa kostar i overkant av 400.000 kroner. Handelsstanden har fått 100.000 kroner frå næringsfond Eid kommune, og 100.000 kroner frå næringsfond Stad kommune. Dei reknar med 100.000 kroner i eigeninnsats. Håpet er no at dei kan samle inn dei resterande 100.000 kroner for å få realisert ei magisk juletid i Eid sentrum. Nordfjordeid senter består av 49 næringsbedrifter, i hovudsak handelsbedrifter, men også andre er med.