Ein viktig politikar

– Lars-Svein Drabløs har vore med i lokalpolitikken i mange år. Dei siste åra har han vore ein viktig politikar for Nordfjord på mange område.

Viktig politikar: – Lars-Svein Drabløs har dei seinaste åra gjort ein veldig god jobb for Nordfjord på mange område. Ikkje minst på samferdslesektoren, seier Sigurd Reksnes som rosar Frp-politikaren. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Sigurd Reksnes som har registrert at Lars-Svein har gått ut i Fjordabladet, og sagt at han no finn det rett å trekke seg frå lokalpolitikken.

–Det som imponerer meg med Lars-Svein, er den måten har nytta kontaktnettet inn mot sentrale styresmakter på. Eg har lyst til å gje Lars-Svein kredit for denne måten å jobbe på, seier Sigurd Reksnes som trekk fram fleire område der han meiner Frp-politikarane har vore sentral for å få til gode løysingar på lokale og regionale utfordringar.

– Ikkje minst vil eg trekke fram kampen om Bryggja skule som til slutt fekk ei god løysing for folk i bygda, og ikkje minst for borna som no slepp å reise fleire mil for å kome på skulebenken. Ut frå den kjennskapen eg har til denne saka, så har dei kontaktane som Lars-svein har hatt inn mot den regjeringa, som hans parti er ein del av, vore avgjerande for at vi fekk den løysinga som vi i dag ser, seier han.

Samferdsle

–Også på samferdslesektoren har Lars-Svein stått på overfor sitt eige parti i regjering. Her vil eg nemne utbetringane på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden, arbeidet på E389 langs Jølstravatnet, og ei framtidig opprusting av e39 Byrkjelo–Sandane. Kommuneplan for Nordfjordbru er ei anna sak der han skal ha ro s for jobben han har gjort. I alle desse sakene har Lars-Svein nytta sitt nettverk til beste for regionen, seier Sigurd som også trekk fram Barnehuset i Førde, som vart opna denne veka.

–Også her har Lars-Svein pressa på.


Helse- og omsorgsstyret

–Vi skal heller ikkje gløyme den jobben har gjort i helse- og omsorgssektoren, ved å løfte fram utfordringane og sett dei på dagsorden, seier Sigurd.