Sigurd Reksnes

Uroa over manglande engasjement

– Det må bli slutt på at ein i Nordfjord sit på kvart sitt nes og passar på naboen.

Uroa: Sigurd Reksnes er uroa over manglande engasjement frå Nordfjordrådet i høve region Vestland.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Sigurd Reksens som denne veka utfordra lokalpolitikarane i Nordfjord på at dei måtte kome meir på banen i samband med etableringa av storfylket Vestland.

Felles formannskapsmøte

–Måndag denne veka hadde formannskapa i Nordfjord felles møte på Hoven i Loen. På dette utfordra eg politikarane på korleis dei har tenkt å jobbe for å kome høgare på banen når det gjeld endringane vi står framføre når Sogn og Fjordane blir slått saman med Hordaland. Det som uroar meg var kor lite respons eg fekk på utfordringa, seier Sigurd Reksnes som sjølv sit i fellesnemnda som jobbar med fylkessamanslåinga.

–Etter mitt syn bør Nordfjordrådet gjere nokre øvingar, og ikkje minst tenkje ut ein strategi for å få Nordfjord meir på banen enn det ein er i dag. Nordfjord vil vere ein utkant i storfylket, difor er det viktig at ein samsnakkast om utfordringane, seier Reksnes og legg til at det er nok av utfordringar.

Nettopp difor er det viktig at ein handlar no, seier han.