Entreprenørselskapet Kvernevik AS på Flatraket

Satsar sterkare på arbeid i Eid

– No vil vi satse meir innover mot Eid. Vi har allereie tilsette eidarar, og er på jakt etter fleire, seier anleggsleiar og styreleiar Oskar Joakim Kvernevik AS.

EIDARAR: Tor Arnfinn Lillestøl, Gunnar Lillestøl, Oskar Joakim Kvernevik og Stian Remme bur alle i Eid, og er tilsett i Kvernevik AS på Flatraket.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Vi har hatt mange jobbar i Eid i fleire år, men poenget er at vi no vil satse meir innover.

Nyhende

Kvernevik AS har hovudbase på Flatraket i Selje. Det vil dei også ha i framtida, men med tanke på at Selje og Eid vert felles kommune i Stad, vel dei no å satse sterkare innover fjorden.

– Vi har hatt mange jobbar i Eid i fleire år, men poenget er at vi no vil satse meir innover. Difor har vi også tilsett veldig dyktige karar som bur i Eid. Målsettinga er at dei får jobbe lokalt, så vi slepp å sende dei ut. Dei skal bruke tida på å jobbe, ikkje reise, seier Kvernevik.