Feirar bursdag med konsert i Gymmen

Tonny Sørland blei 50 år i april, medan broren Finn-Roger blir 50 år i mars neste år. No har dei booka fire band og inviterer til konsert i Gymmen på laurdag. For feiring av at femti pluss femti er hundre.

rocka bursdag: Kaffi og kaker står ikkje på menyen når ihuga rockarar skal runde år. Tonny Sørland (50 ) og broren Finn-Roger (49 ) inviterer heller til rockekveld i Gymmen.   Foto: Arkiv

Nyhende

–Kaffi og kaker er vi ganske lei av. Så når vi fyller 50 år med eitt års mellomrom må vi berre finne på noko anna, seier Tonny Sørland.