Samling for formannskapsmedlemmene i Nordfjord

– Veldig triveleg

– Det var ok å møtast. Det var veldig triveleg. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar etter fellesmøtet for formannskapa i Nordfjord. Politikarane tykte det var kjekt å treffast. Det fortel leiar i Nordfjordrådet, Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) etter samlinga på Hoven i Loen måndag.

Her er det ikkje samling i botnen, men HØGT TIL FJELLS: Måndag var alle formannskapa i Nordfjord samla på Hoven i Loen.   Foto: Janne Endal Andersson

Nyhende

Medan ordførarane møtest titt og ofte, er det ikkje så ofte dei andre formannskapsmedlemmene møter kvarandre på tvers av kommunegrensene. Nordfjordrådet hadde eit ønskje om å involvere fleire politikarar, og dette vart altså godt motteke.

Maurstad fortel at fellesmøtet var meir som eit lite seminar med tema som opplæring, rekruttering og utdanning.