Overraska og audmjukt operapar

– Heilt fantastisk å bli æra slik

Det var eit svært overvelda og rørt operapar Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich som fekk overrekt Kongens Fortenstmedalje etter premieren onsdag kveld.

Takkar dei frivillige: Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich er overvelda over å ha fått Kongens Fortenestmedalje.-Denne deler vi med alle, seier dei, her omkransa av ein gjeng frivillige for Opera Nordfjord.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Skal vi på Slottet no?, utbraut ein svært overraska Michael då Fjordabladet fortalde operaparet om kva som no ventar dei.

– Dronninga har vi møtt før, då vi hadde henne til bords etter premieren av Carmen. Så henne kan det bli kjekt å møte igjen, og så blir det kjekt å få møte Kongen, smiler Michael.