Eli Førde Aarskog:

– Det gjeld å gripe moglegheitene

Under det opne møtet om reiselivssatsinga i nye Stad kommune utfordra Eli Førde Aarskog dei frammøtte. – Når Eid no blir cruisedestinasjon, så byr det seg mange moglegheiter. Nettopp det kjem til å bety mykje for dei som greier å utnytte moglegheitene.

Engasjerande: Eli Førde Aarskog heldt eit engasjerande, og ikkje minst viktig, foredrag om dei moglegheitene som byr seg når Nordfjordeid blir destinasjon for cruiseskip. Totalt vil det bli 21 anløp i 2019. Biletet er frå orienteringa Aarskog hadde for kommunestyret to dagar etter reiselivsmøtet i Operahuset.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Nokre gonger skjer det store endringar i eit samfunn. Samfunnsendringar har eg vore med på ein del gonger. I Eid kjenner vi godt til endringar, og kva endringar kan føre til. I Eid forsvann viktige arbeidsplassar i tur og orden. Slakteriet vart lagt ned. Det same vart meieriet. Sjukehuset vårt var gjennom store endringar, og var truga av nedlegging, sa Eli Førde Aarskog som også tok føre seg endringar som har vore til nytte og utvikling for bygda Nordfjordeid og kommunen.