Strategisk møte om reiseliv i Stad kommune

Sju av ti vil investere

På spørsmål frå Ingvill Flo, innleigd ekstern konsulent som skal vere med å utarbeide reisemålsstrategi for Stad kommune svarte sju av ti at dei kunne tenke seg å investere i reiselivet i den nye kommunen.

Møtelyd: Dei som hadde møtt fram på Stad 2020 sitt avspark for reiselivssatsinga i Stad kommune, vart inviterte til å bli med på ei lita meiningsmåling. Interessant var det at heile sju av ti sa seg villige til å investere i ei reiselivsbedrift om dei hadde høve til det.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Tysdag denne veka inviterte Stad 2020 til ope møte og avspark for arbeidet med ein reiselivsstrategi, cruise og stadutvikling i Stad kommune. Rundt 120 personar fylte kinosalen i Operahuset Nordfjord. Innleiarar på møtet var Ingvill Flo, som er leigd inn som ekstern konsulent for å lage ein rapport og eit strategisk dokument for reiselivssatsinga i den nye kommunen. Marita Lindvik, dagleg leiar i destinasjonsselskapet Visit Nordfjord, som snakka om merkevarebygging rundt omgrepet «Alt i Eid Fjord». Hans Olav Eriksen, som mellom anna driv Camp Tamok (opplevingsturisme) i Lyngsfjorden i Troms, snakka om opplevingsturisme og om korleis ein lukkast i reiselivssatsing. Eli Førde Aarskog tok føre seg cruiseturisme og det som skal skje på Nordfjordeid neste år (sjå eiga sak på side 2 og 3).

Felles for alle innleiarane var at samarbeid og samordning er det viktigaste for å lukkast i reiselivssamanheng.