Samanstøyt mellom vogntog

To vogntog har køyrt i kvarandre på Strynefjellet.
Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at det har vore eit samanstøyt mellom to vogntog på Strynefjellet. Samanstøyten har ikkje ført til noko personskade ifølgje lensmann i Eid, Tormod Hvattum. Lensmannen opplyser at uhellet skjedde mellom Ospelittunnelen og Gradfalstunnelen. Vegen mellom tunnelane er stengd og trafikken sperra.