EDM og Vise som sjanger i Stjernekamp

Klar for ny runde

Alexander Pavelich er blant dei fem som er igjen i Stjernekamp og laurdag er første runde der artistane skal gjennom to sjangrar på ein kveld.

Nye sjangrar: Alexander Pavelich her under sendinga sist laurdag er klar for nye utfordringar når han tek fatt på EDM og Vise komande laurdag.   Foto: NRK

I paljettar: Alexander Pavelich i raude paljettar under gruppeoppgåva sist laurdag.  Foto: NRK

Nyhende


Stjernekamp er i ferd med å stramme seg til, og artistane har vore igjennom sjangrar som rock, country, hiphop, soul og opera. Sist laurdag då seks artistar vart til fem var det blues og gruppeoppgåve i Stjernekamp. Komande laurdag er det to nye sjangrar som står for tur. Alexander Pavelich er ein av fem artistar som er igjen, og på laurdag som er program nummer sju av ti for sesongen, blir han og resten av artistane kasta ut i to heilt ulike sjangrar når elektronisk dansemusikk (EDM) og vise står for tur.

Martin Danielle, som er DJ, låtskrivar, artist og musikkprodusent, var mentor og sjangerekspert i Stjernekamp i 2015 og 2016, og i år er han tilbake som sjangerekspert i EDM. Frida Ånnevik, som slo igjennom som artist i 2010 og har vunne fleire Spellemannprisar, skal vere sjangerekspert og mentor i vise. I løpet av kvelden skal Pavelich synge låtane Sun Is Shining av Axwell & Ingrosso i sjangeren EDM og Ein farfar i livet av Odd Nordstoga som visesong. Sistnemnde er ein song som har mykje å seie for Pavelich, og skal ifølgje Sunnmørsposten dedikerast til bestefaren hans frå Ålesund.

EDM

EDM er ein musikksjanger som inneheld det meste av den moderne dansbare popmusikken i dag. Musikken som blir presentert som EDM har ulike uttrykk. Nokre legg vekt på popvokal, nokre legg vekt på det elektroniske medan nokre er remiks av hitar. Store EDM artistar dei siste åra er blant anna Kygo, Swedish House Mafia, Avicii og David Guetta.

Dette er fjerde året på rad, at EDM er ein av sjangrane i Stjernekamp, ifølgje NRK.

EDM er ikkje akkurat ein ukjend sjanger for Pavelich. Under Stjernekamp i 2017 var han sjangerekspert i EDM, og i år står han altså sjølv på scena når EDM står for tur. Pavelich har også skrive fleire låtar for EDM artistar som Broiler og Lemaitre, så på mange måtar kan ein kalle dette Pavelich sin sjanger.

Vise

I den andre halvdelen av sendinga laurdag skal artistane ut i visesong. Med andre ord, så blir det musikalsk poesi og mest truleg mange kjensler under laurdagens sending der sjåarane får høyre fire norske og ein svensk vise.