Handlinga i La Bohème

Bohemar i glede og sorg

La Bohème er lagt til Paris kring 1830. Første gong oppført i Italia for 122 år sidan.

I kveld er det premiere på La Bohème ved Opera Nordfjord. Med sju solistar, barnekor og vaksenkor på scena. Dei skal ta publikum med tilbake til Paris på 1830-talet.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Skal du på operapremiere i Operahuset Nordfjord i kveld? Her får du handlinga i La Bohème.


I dag blir La Bohème rekna som den mest populære operaen gjennom historia.

1. Akt

Operaen vert innleia med eit glimt av dei fire bohemane sitt tilvære, deira pengeproblem – understreka ved at husverten kjem for å krevje inn husleiga. Tre av venene går i førevegen for å feire Julaftan på Café Momus, men Rodolfo blir igjen. Han vil prøve å skrive litt til, men vert avbroten av at ein av naboane, ei ung syerske, bankar på. Stearinlyset hennar har slokna, og ho må ha lys for å kunne låse opp. Rodolfo ber henne setje seg ned for å kvile seg. Ho går likevel snart, men kjem raskt tilbake, då ho innser at ho har mista nøkkelen sin hos Rodolfo. Saman leitar dei etter nøklane. Han presenterer seg, og den unge syerska fortel om seg sjølv. Ho heiter Lucia, men vert kalla Mimi.

2. Akt

Andre akt går føre seg på plassen framfor Cafè Momus i Latinerkvarteret. Det er Julaftan, og det vrimlar av vener og kjende, born og gateseljarar i nabolaget. Her finn Mimi og Rodolfo målaren Marcello i dårleg humør. Han saknar Musetta, som har forlate han og no lever saman med ein rik mann. Men ho klarer å riste av seg kavaleren sin og blir saman med Marcello igjen.

3. Akt

Tredje akt avslører at forholdet mellom Marcello og Musetta framleis vert forgifta av sjalusi og krangel, medan Rodolfo har gitt avkall på Mimi, fordi han forstår at ho er alvorleg lungesjuk. Han trur at ho har ein sjanse tll å bli frisk, dersom ein rik mann tek hand om henne. Den fortvila Mimi kjem ut, overhøyrer ein samtale mellom Rodolfo og Marcello, og får på den måten vite kvifor Rodolfo har forlate henne. Mimi og Rodolfo kjem saman igjen, samstundes som Marcello og Musetta går frå kvarandre.

4. Akt

Fjerde akt går føre seg tidleg om våren i dei same omgjevnadene som første akt. Rodolfo og Marcello er igjen åleine og prøver å arbeide. Colline og Schaunard kjem, og det vert ei munter stemning, som vert broten ved at Musetta uventa kjem inn. Ho fortel at den svært sjuke Mimi prøver å kome opp trappene, og venene spring ned for å hjelpe henne opp. Mimi vert lagt til sengs, og Musetta og Marcello går for å skaffe henne medisin. Colline bestemmer ser for å selje den kjære, gamle frakken sin for å skaffe pengar, og Schaunard trekkjer seg tilbake. Rodolfo og Mimi får ei stund vere åleine med minna sine frå den første, lukkelege tida. Mimi døyr medan venene samlast i rommet igjen.