Årets Eldsjeler kåra

Sigrunn Rygg (Jatak AS) og Brødrene Aa AS vart kåra til årets eldsjel for person og bedrift på IA-dagen 2018.

Sigrunn Rygg (Jatak AS) og Brødrene Aa AS vart kåra til årets eldsjel for person og bedrift på IA-dagen 2018  Foto: NAV

Nyhende

Meir enn 230 leiarar, tillitsvalde og tilsette frå private og offentlege bedrifter fekk ta del i prisutdelinga i Førde, 27.09.18.

Eldsjelprisen går til personar og bedrifter som gjer ein ekstra innsats for eit godt og inkluderande arbeidsliv. Prisen vart delt ut av fylkesdirektør i NAV Sogn og Fjordane Tore Thorsnes og fylkesdirektør i  NAV Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Sigrun Rygg er økonomisjef på Jatak AS på Kaupanger.

Grunngjeving Sigrunn Rygg

Sigrunn er oppteken av at alle tilsette skal ha det godt og at alle blir inkludert, uavhengig om du jobbar i leiargruppa eller som operatør, om du er norsk eller utanlandsk.

Ho har ein god dialog og eit godt samarbeid med NAV.

Ho har fokus på dei som blir sjuke eller fell utanfor, og arbeider for at dei skal koma tilbake på god måte.

Sigrun spelar på lag med avdelingsleiarar og formenn, og gjer sitt for at bedrifta legg til rette for den enkelte medarbeidar.

Sigrun fortel at ho er overraska over prisen fordi ho jobbar «i bakgrunnen». Ho er veldig takknemleg for prisen, og fortel at ho trur dei tilsette på Jatak vil setja pris på at ho kjem heim med diplom og blomster. «Det er fint at andre ser og set pris på den jobben som blir gjort.»

Grunngjeving Brødrene Aa as

Brødrene Aa AS ser verdi i å ta imot personar som treng arbeidstrening.

Fleire innvandrarar har starta på arbeidstrening, fått fast arbeid, og vurderer no fagbrev.

Dei samarbeider med NAV og vidaregåande. Innvandrar-ungdom får teoriundervisning to dagar i veka og praksis på bedrifta tre dagar i veke. Målet er fagutdanning.

Fleire av dei som er på arbeidstrening i dag - er i posisjon til å få fast arbeid i framtida.

Frå Brødrene Aa AS var Synne Oppheim, Torill Henden Gaasø, Jon Martin Rønnekleiv og Oddbjørn Vee tilstades og tok imot prisen på vegne av Brødrene Aa AS.

Synne  Oppheim (HR og kvalitetsleiar) og Jon Martin Rønnekleiv (tillitsvald) fortel at dei er overraska over å få ein slik gjev pris, og at det også forpliktar bedrifta i det vidare inkluderingsarbeidet.