– Må utnytte potensialet

Sjukefråvær og vikarbruk var sentrale tema då Arbeidsmiljøutvalet (AMU) i Eid kommune hadde møte onsdag i førre veke.

AMU: Avdelingsleiar for vernepleietenesta, Katrine Holvik Skinlo, orienterte Arbeidsmiljøutvalet om strategiske planar for å få ned bruken av vikarbyrå i Eid kommune. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det som har vore spesielt alarmerande over lengre tid er det høge sjukefråværet og vikarbruken ein har i helse- og omsorgssektoren, og då spesielt i vernepleiesektoren. Då budsjettet for 2018 vart vedteke hadde ein som mål at det ikkje skulle brukast pengar på bruk av vikarbyrå. Til no i år er utgiftene til bruk av vikarbyrå 1,6 millionar kroner, og sjukefråværet har variert mellom 13 til 16 prosent.

Orienterte om planar

Katrine Holvik Skinlo, nytilsett avdelingsleiar i vernepleiesektoren, var på møtet og orienterte om kva planar ein hadde for både å redusere vikarbruk, og for å få bukt med det høge sjukefråværet.