Fryktar for framtida til trafikkstasjonen

– Det vert snakka så fint om utflytting av statlege arbeidsplassar, men i det stille jobbar byråkratiet med sentralisering. Eid-ordførar Alfred Bjørlo(V) fryktar for framtida til Nordfjordeid trafikkstasjon.

– Eg håper at dette kjem fram i lyset tidsnok til at ein får stoppa galskapen, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V). Han har gitt klar melding oppover i eige parti om kva han forventar. Til venstre: Sveinung Rotevatn, som er medlem i Venstre sitt sentralstyre og tilsett som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet. (Arkivfoto) 

Nyhende

NRK melder om at det no ligg føre ein rapport der oppdraget konsulentselskapet Capgemini fekk frå Finansdepartementet og Samferdsledepartementet var å vurdere effektivisering av Tenestestrukturen/tenestetilbodet på trafikant- og køyretøyområdet og Støttefunksjonar gjennom etatsfelles løysningar.

Rapporten er ferdig, men departementet nektar innsyn. Ifølgje NRK seier regjeringa at konklusjonen kjem i framlegget til statsbudsjett, og dei vil ikkje seie noko meir om saka.

Nordfjordeid trafikkstasjon er ein av dei som kan vere utsett.  

– Sentraliserings-galskap

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) karakteriserer dette som statleg sentraliserings-galskap på sitt verste. I staden for å nytte moderne teknologi til å bygge opp kompetansemiljø i distrikta og gi folk tenester nær der dei bur, førebur Statens vegvesen no ei storstilt sentralisering av kompetansemiljø og tenester.

  På Nordfjordeid trafikkstasjon er tungbiloppkøyringa allereie flytta til Førde.  Bjørlo fryktar ei bit-for bit-nedlegging der tilbodet i Nordfjord vert plukka frå kvarandre og sentralisert bit for bit.

– Dette er det klassiske. Ein tek først ein liten bit, om eit år litt meir, og så ein bit til. Her tek ein tungbiloppkøyringa først.

– Lukka, hemmelege prosessar

– Dette er ei utfordrande sak. Det er lukka, hemmelege prosessar. Når ein kontaktar sentrale politikarar, så er dei ikkje kjende med det som skjer. Når det blir løfta opp politisk, har prosessen ofte kome så langt at det ikkje er råd å gjere noko med. Eg håper at dette kjem fram i lyset tidsnok til at ein får stoppa galskapen, seier Bjørlo.

  Han peikar på at statsetatane ikkje tek omsyn til utflytting av statlege arbeidsplassar, dei ser på kva som er bedriftsøkonomisk lønnsamt viss dei ikkje får beskjed om noko anna. Ofte er den mest lettvinte løysinga å legge ned på mindre stadar og samle aktivitet på større stadar.

– Samstundes snakkar politikarane fint om å flytte ut arbeidsplassar og ta heile landet i bruk. Her er det politikarane på nasjonalt nivå som må rydde opp, seier Bjørlo. Han ser ingen gode grunner til at ein ikkje skal kunne gjere ord om til handling når det gjeld utflytting og ha ein bevisst politikk for at vegvesenet bygger opp kompetansemiljø ute i distrikta, i staden for å bygge ned og sentralisere.  

Les også

Les også - Nordfjord har grunn til å vere utolmodige