Amfi deler ut pris

AMFI Nordfjord skal 22. november dele ut 10.000 kr til eit lag eller ein organisasjon som består av barn og unge i Nordfjord.

Amfi Nordfjord ved senterleiar Gro Janne Gjerdevik vil dele ut pris til barn og unge.   Foto: Arkiv

Nyhende

Den siste tida har dei oppmoda følgjarar  i sosiale media om å komme med forslag til gode kandidatar.


Ein jury samansett av marknadsrådet på AMFI Nordfjord har ut i frå forslag sett opp 5 kandidatar.


Det er no opp til nordfjordingane å bestemme kven som skal få pengane.


Avstemminga føregår på Facebook, AMFI Nordfjord, samt på stand i AMFI Nordfjord.



Dei 5 kandidatane er:

Barnas turlag Eid

Eid symjeklubb

Kjølsdalen skulemusikk

Skavøypoll Idrettslag

Breimsbygda idrettslag