Kaffi med tid og kjærleik

Ein god kopp kaffi skal lagast med kjærleik og god tid. Og så må råvarene vere av første klasse.

Skal kaffien smake godt, tek det litt meir tid å lage den. Hjå den kombinerte kaffibaren og frisøren i Eidsgata må du vente litt før kaffien er klar. Men til gjengjeld får du valuta for pengane i høve til god smak. Inge Engelbretson fortel at kaffibønnene dei serverer er av første kvalitet frå brenneriet i Ålesund. Under Eidamessa vil dei også vere ute i gata, for å brygge kaffi og selje utstyr til heimebrygging av kaffi.   Foto: Inger Træen

Nyhende

På kaffibaren Coco i Eidsgata får du kaffi som er laga med all denne omsorgen. Det heiter handbrygga kaffi som er ein heil liten sermoni i høve til vanleg filterkaffi.