Inviterer til folkeliv og handelsfest

Klart for Eidamessa 2018!

Fredag brakar det laust med den tradisjonsrike Eidamessa. Arrangørane lovar folkeliv og handelsfest, og på scena kan du oppleve alt frå vår eiga Oselie frå MGPjr, Andrea frå The Voice, og barnetvfigurane Paw Patrol.

Kristin Eide og Gro Gjerdevik i Nordfjordeid Senter ventar på storinnrykk og folkeliv i Eidsgata under Eidamessa denne veka. Foto Ingebjørg Nilsen Stokkenes  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Eidajenta Oselie som vann MGPjr i fjor skal synge laurdag på scena i Eidsgata under Eidamessa.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Under Eidamessa kan du mellom anna møte Skye frå Paw Patrol. 

Andrea Santiago frå Måløy kjem også og skal synge laurdag under Eidamessa. Andrea kom på 2.-plass på The Voice. 

Kristin Eide og Gro Gjerdevik lovar fullspekka program under Eidamessa.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Hos Pets vert det høve til å kose med kaninane.  Foto: Anita Ingebrigtsen

Nyhende

– Eidamessa er eit suverent avbrekk i jakta, og er kjempekjekt arrangement for heile familien. Her har vi underhaldning for dei fleste, frå vikingane som kulturberarar til meir kommersiell moro i tivoliparken. Eidamessa er eit sosialt arrangement der vi tar imot hausten, og Eidamessa er noko butikkane jobbar for og fram imot, stadfestar Kristin Eide og Gro Gjerdevik i Nordfjordeid senter.

Tre messedagar

Eidamessa varer fredag, laurdag og søndag. Gjennom Eidsgata vil det bogne av salsbuer, og butikkane er oppmoda til å trekkje butikkane sine ut på gateplan.

– Her vert alt frå godteri, hagemøblar, gardsmat, sylte, saft, frukt, såpekokeri, husflid, frivillige organisasjonar, og her vert popup-butikkar i ledige lokale, fortel dei.

Laurdag kan barn vere med å pynte skulebollar med Bakehuset Tunold.

– Vi prøver stadig å forbetre oss, og i år vert det endå meir underhaldning på sentrumsscena som vert plassert mellom Jysk og Betania. Children of Mars står på scena søndag, fortel dei.

– Det er ei god stund sidan vi har hatt underhaldning på kvelden, men det vert det i år. Magnifikk og Bankkjellaren står for arrangement, der tre artistar vil underhalde i partyteltet.

Paw Patrol kjem

– Elles har vi fått tak Paw Patrol, populære og kjende figurar frå barne-tv, og det er noko barnefamiliar har etterspurt. Det er Chase og Skye som kjem til Eidamessa. Dei vil ha tre sceneshow i teltet, og to gongar får ein høve til å møte dei på Kozmos på Amfi. Det er med andre ord god og passande høve til at ein får sjå og oppleve dei, fortel Gjerdevik.

Også i år samarbeider ein med vikingane.

– Det er eit økonomisk løft å få dei hit, men i år har vi fått kommunen og bedrifter med på eit spleiselag. Vikingane vert dermed å finne i ein eigen vikinglandsby mellom Esso og Normatic, og det er vel verdt å ta seg ein tur bortom. 6.-klassingane, som har vikingtid i pensum, får eige undervisningsopplegg fredagen. Dei får kjennskap til vikingtida, og med Sagastad på trappene er det viktig at barn og unge kan mest mogleg om vikingtida, så dei kan vere gode ambassadørar for Sagastad, seier dei.

Tradisjon

– Vi er alle vakse opp med noko vi ønskjer at den oppveksande generasjon skal ha gode minner frå, og Eidamessa kjem innanfor den kategorien, meiner dei.

Eidamessa vert arrangert for 28. gang, så her snakkar vi fast tradisjon. –

– Vi er allereie i gang med planlegging av jubileumsfeiring om to år, konstaterer Eide og Gjerdevik. Dei reknar med at Eidamessa vil trekkje folk frå heile Nordfjord og Sunnmøre.