Musikk og dans i partytelt

Inviterer til festkveld

– No satsar vi på at vi startar ein fast tradisjon med musikk og uteservering under Eidamessa, seier Øyvind Bjørlo.

Dei er single, men er klare for ein svingom under festkvelden på Eidamessa laurdag. F.v. Ole Nordnes, Øyvind Bjørlo og Christian Johannesen frå Magnifikk.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er utestadane Bankkjellaren og Magnifikk som inviterer til fest laurdagskvelden under Eidamessa. Dei lovar partyteltet, fest, dans, stemning og tre konsertar med Lizz, Lisa Uhlen og Dagdriverne. Alt skal skje i sentrumsteltet mellom Betania og Jysk.