Haust i hagen

Tid for rydding og planlegging

– Hausten er ei travel tid for alle som likar å stelle i hagen. Det skal ryddast, og neste års vår og sommar i hagen skal planleggast, seier Stein-Åke Berteig.

Haust: – Sjølv om naturen er i ferd med å falle til kvile, er hausten ei fin tid. Samstundes er det både ei tid for opprydding og ikkje minst planlegging av korleis hagen skal sjå ut til våren og sommaren neste år, seier Stein-Åke Berteig. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Sjølv det enno er nokre veker att med blomar og busker rundt omkring i alle dei flotte hagane vi har rundt oss, så er dei fleste planter i ferd med å gå til kvile. Samstundes er dette ei travel tid. Hagane skal ryddast, ein del buskar skal klippast og stellast, staudar kan delast og plantast, planter som kanskje er ikkje trivast der dei har stått kan flyttast og løkar som skal gje oss gode og fargerike opplevingar til våren, skal i jorda. Der er med andre ord nok å henge fingrane i, seier Stein-Åke Berteig som sjølv har nok å gjere på Hildenes Gartneri.