Lakseseongen 2018:

Brukbar opning og avslutning – men sommaren øydela

Årets laksesesong i Eidselva starta brukbart, men ein svært tørr og varm sommar øydela meir eller mindre det som i utgangspunktet såg ut til å kunne bli ein bra sesong.

God forvaltning: Dag Ståle Leivdal, leiar i Eid Sportsfiskarlag,  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Totalt vart det fanga 1640,7 kilo laks, fordelt på 331 laksar i Eidselva under årets sesong. Det er den tredje dårlegaste sesongen sidan 2010. Berre sesongane 2013 og 2014 har vore kleinare. I 2013 vart det fanga 291 laks med ei totalvekt på 1575,1 kilo. I 2014 147 laks med ei samla vekt på 594,8 kilo. Snittvekta i 2018 var på 4,96 kilo. Høgast snittvekt hadde Eidselva i 2013, med 5,4 kilo. Nest høgst var den i 2012 med ei snittvekt på 5,27 kilo. I 2017 var tilsvarande 5,08 kilo. Lågast snittvekt på laks fanga i Eidselva var det i 2015 med 3.05 kilo.

Lite sjøaure

Fanga sjøaure i Eidselva har gått jamt nedover dei siste ni åra. I 2011 vart det fiska 229 sjøaurar med ei samla vekt på 612,7 kilo. I årets sesong vart det til samanlikning tatt 56 sjøaurar med ei samla vekt på 93,7 kilo. Rundt åtte kilo meir enn i 2017.

–At det er fiska lite sjøaure i Eidselva dei siste åra er eit faktum, men truleg viser ikkje fangst det heile biletet når det gjeld oppgang av sjøaure. Tidlegare år har vi hatt teljingar av sjøaure seinare på hausten, og då har vi talt svært mykje stor sjøaurar. Utan at vi kan seie noko sikkert ut frå desse teljing og fangst, så kan det tenkast at oppgangen av sjøaure kjem seinare enn det den har gjort tidlegare, seier Dag Ståle Leivdal, leiar i Eid Sportsfiskarlag, som etter årets sesong ikkje vil svartmåle situasjonen, korkje for laks eller aure.

–Vi må seie at årets sesong har vore spesiell, seier han.

Brukbar start

–Laksesesongen opna brukbart med god vassføring i elva, og bra oppgang av laks. På opningsdøgnet vart det tatt 14 laksar, med ei samla vekt på tett oppunder 100 kilo. Over halvparten var laks over sju kilo. Andre veka vart det tatt like mange. Elleve var over sju kilo. Vi hadde brukbart fiske fram til og med veke 26, det vil seie siste veka i juli. I dei etterfølgjande fem vekene var det lita vassføring i elva, noko som truleg førte til mindre oppgang av laks og mindre selde fiskekort. Vi må nok seie at den varme og tørre sommaren vi hadde i år hadde sitt å seie for sesongen sett under eitt. Det tok seg litt opp dei siste tre fire vekene, seier Dag Ståle Leivdal, som kan tenkje seg ei langt meir grundig og systematisk teljing av oppgangen av laks og aure i Eidselva.

Betre teljing

–For å få betre oversikt av kor mykje fisk som går opp i elva, kunne ein kanskje tenkt seg eit betre system for å kartleggje kor mykje laks og aure som går opp i Eidselva. Men det kostar ein del for og få på plass skikkeleg overvaking av oppgangen. Kanskje bør ein i ein periode vurdere å sette ut yngel for å supplere den naturlege tilveksten?, seier Leivdal og legg til at på dette området burde kanskje oppdrettsnæringa bidra økonomisk.

– Oppdrettsnæringa er kome for å bli, derfor er det nyttelaust av enkelte å kome med forlag om å forby næringa, men vi bør samarbeide med næringa og slik at dei også kan bidra til ei berekraftig utvikling av lakseelvane våre, seier han.



ÅrTal laksUnder 3. kgTal laksFrå 3 -7. kgTal laksOver 7. kgTal AureAure
2018107205,1144729,380706,35693,7
2017118217,32671298,31541224,45585,9
2016149252,22921277,071588,693141,9
2015330594,8222983,626239,4143303,2
201478111,334156,635326,9105145,5
201376134,8123627,392813,087192,3
2012167355,02481203,21751550,8109242,9
2011165329,03331569,282682,4229612,7
2010213381,2183827,674649,6191346,6

Tabellen viser kor mykje laks som er tatt i Eidselva dei siste ni sesongane. Som tabellen viser er det store skilnader frå år til år både når det gjeld storleik og total fangst. (Kjelde: Eidselva.no)


ÅrLaks totaltAure totalt
2010470/ 1858,4 kg.191/ 346,6 kg.
2011580/ 2580,6 kg.229/ 612,7 kg.
2012590/ 3109,0 kg.109/ 242,9 kg.
2013291/1575,1 kg.87/ 192,3 kg.
2014147/ 594,8 kg.105/ 145,5 kg.
2015596/ 1817,8 kg.143/ 303,2 kg.
2016513/ 2117,8 kg.93/ 141,9 kg.
2017539/ 2740,0 kg.55/ 85,9  kg.
2018331/ 1640,7 kg.56/ 93,7 kg.

Laks og aure: Tabellen viser kor mykje laks og sjøaure som er fiska i Eidselva dei siste ni åra. (Kjelde: Eidselva.no)