Selje kommune

7.319.725 frå Havbruksfondet i 2018

Selje kommune får i overkant av 7,3 millionar kroner frå Havbruksfondet. – Desse pengane gjer no at vi kan redusere kraftig på vedlikehaldsetterslepet av den kommunale eigedomsmassen, eventuelt fjerne eigedomsskatten allereie i 2019, seier Anfinn Sjåstad, leiar i Selje Frp.

–Tidlegare har kommunane fått småpengar for å legge til rette for havbruksnæringa, seier Anfinn Sjåstad. leiar i Selje Frp  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Havbruksnæringen i Norge har hatt en eventyrlig vekst, og har blitt ei særdeles viktig næring langs hele kysten. Kystkommunane gjer en viktig jobb som vertskap og tilretteleggar for næringa, og for å sikre at utviklinga er bærekraftig. Dette gjer kommunane blant anna ved å utarbeide kommuneplanar som bidreg til å gje næringa gode rammevilkår.

–Då er det også rett at kommunar som legg til rette  for havbruk får ta del i den verdiskapinga som blir generert langs kysten.  Det er viktig at kommunane også får ein kompensasjon for den jobben dei gjer med å legge til rette for havbruksnæringa, seier Anfinn Sjåstad som vsier til at tidlegare var det snakk om småpengar til kommunane.


–Tidlegare har kommunane fått småpengar for å legge til rette for havbruksnæringa, samstundes  som næringa naturleg nok legg beslag på store areal i kommunen.  

Regjeringa etablerte derfor Havbruksfondet i 2015 for at kommunar som legg til rette for  havbruksnæringa, også får ta del i verdiskapinga. I 2018 vil 164 kommunar og ti fylke få gode utbetalingar frå fondet. I Selje kommune har vi bidrege med ein offensiv kommuneplan som legg til rette for vidare vekst i havbruksnæringa, seier Anfinn Sjåstad. og legg til at han er glad for at vi endeleg har ei regjering som verdset det arbeidet vi gjer for denne næringa i kommunane, seier Sjåsatad som viser til at utbetalinga som skjer i oktober i år er 7/8 av det totale tilskotet for 2018.

– Siste åttandedel, del pluss pengar frå konsesjonsauksjoner no i september, kjem til utbetaling i oktober neste år. Desse pengane gjer no at vi kan redusere kraftig på vedlikehaldsetterslepet av den kommunale eigedomsmassen, eventuelt fjerne eigedomsskatten allereie i 2019, seier Anfinn Sjåstad.