–Ei bru er ei langsiktig investering, ei ferje er ei «evig» utgift

– På tide å tenkje nytt

– Sjå på bru og ferje som likeverdige, og lys ut likestilte anbod der begge delar kan vere aktuelle. Det foreslår Geir Kjersem, rådgjevar i LMG Marin.

TURISTATTRAKSJON: Skipssluse på Nordfjordbrua er ei mogeleg løysing og kan bli ein turistattraksjon. Illustrasjon: LMG MARIN/ NORDWEST3D  Foto: LMG MARIN/ NORDWEST3D

Ferjekontraktene representerer eit vel fungerande, og lite byråkratisk Offentleg Privat Samarbeid (OPS)

Nyhende

Kjersem meiner det er på tide å tenkje nytt når det gjeld fjordkryssingar. I dag vert strekningane lyst ut på anbod tilpassa ferjedrift basert på funksjonskrav frå det offentlege. Kjersem meiner bruer absolutt vil kunne hevde seg i ein slik konkurranse. For då vil ein ikkje berre betale for drift, men faktisk sitje att med store verdiar i form av ei bru når driftsperioden er over etter 20 til 40 år.