Relativt stor pasientlekkasje til nabofylket

Nyhende

At relativt mange pasientar frå Nordfjord blir tilvist til sjukehus utanfor eige helseføretak er dårleg business og svekkjer Helse Førde. Dei to sjukehusa som peikar seg ut er Helse Møre og Romsdal og Oslo universitetssjukehus.

Er avhengige av kvarandre

Stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik la i si orientering i kommunestyret i Eid vekt på at Helse Førde har fått orden på økonomien og har store framtidsplanar. Det er lagt opp til stor utbygging i Førde, men Holvik forsikra om at dette ikkje skal gå utover tilboda ved lokalsjukehusa.

– Sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane ligg fast. Helse Førde ønskjer å utvikle både sentralsjukehuset og lokalsjukehusa. Holvik sa at sentralsjukehuset er minst like avhengig av lokalsjukehusa som omvendt.

Ligg nær Volda

Holvik peika på at Nordfjord sjukehus ligg nær Helse Midt og at det er lett for pasientar som ikkje er fornøgde å velje Volda sjukehus.

At ein del pasientar vert tilvist til Oslo universitetssjukehus er ikkje så uventa utifrå tilboda der, men Holvik karakteriserer det som forunderleg at ein har såpass stor lekkjase til Helse Møre og Romsdal. Ho viste til at det også er tilbod som ein har i Eid som vert tilvist. – Ein kan spørje seg om ein har for dårleg kvalitet, sa ho.

Mest frå Eid og indre

Holvik hadde i utgangspunktet ei formeining om at det er legane i Vågsøy og Selje som henviser mest til Volda. Men det er ikkje tilfelle. Då ho sjekka dette opp nærare, fann ho at det er legar frå Stryn, Hornindal og Eid som i størst grad henviser til Volda.

Dette har lenge vore vanleg innanfor urologi, som ein ikkje har her, men det gjeld også andre tenestetilbod. For Helse Førde utgjer pasientflukta ein stor kostnad.

Får ikkje sleppe til

Varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen (V) peika på at det er ein del poliklinikk der ikkje alle vert prioritert og får sleppe til på Eid. Då er det langt kjappare å ta ein tur til Volda. Dette gjeld til dømes innan gynekologi.