Skal ha nevrolog og revmatologi

Redusert tilbod

Nordfjord sjukehus skal ha polikliniske tenester innanfor revmatologi og nevrologi, men har det ikkje no. Gynekologitilbodet er også redusert i år.

STILTE SPØRSMÅL: Ap-politikar Siri Sandvik er uroa over at ikkje alle dei polikliniske tilboda er på plass ved Nordfjord sjukehus. I kommunestyret stilte ho spørsmål til ordførar Alfred Bjørlo (V) om dette og kva som vert gjort for å følgje dette opp.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

På kommunestyremøtet torsdag var stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus Tone Holvik til stades for å orientere om status for Nordfjord Sjukehus, og ho stadfesta Ap-politikar Siri Sandvik si bekymring. Dei ambulerande tenestene innan nevrologi og revmatologi er ikkje på plass no, og ambulerande tenester innan gynekologi er redusert i år. Dette vart forklart med legesituasjonen, at det er vanskeleg å rekruttere.