Har ikkje god nok grunngjeving

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) opplyste på kommunestyremøtet torsdag om at Sigrunn Stokkenes sin søknad om fritak frå kommunale verv ikkje vil bli imøtekomen. Grunngjevinga er ikkje god nok.

FEKK NEI: KrF-politikar Sigrunn Stokkenes må sitje i politisk utval ut perioden.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Sigrunn Kari Stokkenes har søkt om fritak frå politiske verv i resten av valperioden, som representant for KrF i Teknisk og samfunnsutvalet i Eid kommune.

– Sjølv om eg er heimehøyrande i Eid kommune, bur eg mykje av tida ein annan stad. Det kan bli vel mykje å ta seg av på begge stadene, så derfor ønskjer eg å trappe ned på ein del område, skriv Stokkenes i si grunngjeving.

– Ho får nei, søknaden kjem ikkje opp som sak, men vert trekt tilbake, opplyste ordføraren, som har vore i kontakt med Eid KrF. Det er semje om at Stokkenes sit ut perioden, så får ho prøve å møte så ofte ho kan.

Registrert utflytting er den vanlegaste grunnen til at fritak vert gjeve. Dette gjev automatisk fritak.

Kommunestyret kan elles frita etter søknad for eit kortare tidsrom eller resten av valperioden dersom det er svært vanskeleg eller ei urimeleg stor belastning å skjøtte vervet.