Folkemøte om utvikling av Nordfjordeid sentrum

I kveld, måndag 10. september, inviterer Eid kommune til folkemøte der tema er utvikling av Nordfjordeid sentrum.

Folkemøtet som Eid kommune inviterer til i kveld, kan sjåast i direkte samanheng med Teknisk- samfunnsutval (TSU) sitt vedtak om å tillate varehandel i Eid Næringspark på Stokkenes.   Foto: Tormod Flatebø

Under møtet i TSU la Magne Jan Vik, Rema Etablering Nordre Vestland/Retail Eigedom AS, fram planane Retail Eigedom AS har for næringsparkområdet på Stokkenes.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Eid kommune arbeider med revisjon av kommuneplanen. Målet med arbeidet er å fastsetje ei sentrums-avgrensing som tek omsyn til ønsket om eit berekraftig og attraktivt sentrumsområde. Asplan Viak har utarbeidd ei analyse som skal nyttast som grunnlag for revisjonen av kommuneplanen sin areal-del.


Lokalisering av detaljhandel på Nordfjordeid –

Kartfesting av semtrumssone avgjer

 

Under møtet måndag kveld vert analysen frå Asplan Viak presentert. Innspel som kjem fram under møtet skal nyttast i det vidare arbeidet med planen, melder Eid kommune i invitasjonen.