Konrad Skipenes, dagleg leiar West Mekan AS:

–Ei viktig messe for oss

Passasjerskipet «Future of The Fjords», bygd av Brødrene Aa for reiarlaget The Fjords, vart kåra til «Ship of the Year» under SMM i Hamburg i førre veke.

SMM Hamburg: –SMM er ei viktig messe for oss. Her knyter vi kontaktar med selskap som vi seinare kanskje blir leverandørar til, seier Konrad Skibenes, dagleg leiar i West Mekan AS. Foto: Vidar Alfarnes  Foto: Vidar Alfarnes

Inspirasjonen til designaren av båten var gamle norske vegar i forbindelse med fjell- overgangar

Nyhende

–Det er skikkeleg kjekt for West Mekan AS å vere ein del av dette prislønte prosjektet, seier Konrad Skibenes, dagleg leiar i West Mekan AS, som legg til at «Future of The Fjords» er ein heilelektrisk og norskutvikla passasjerkatamaran, der West Mekan AS har levert spesialdesigna stolar, rekkverk og ror.