– Godt for både folk og fe

TIL BUSTAD: Tomtearelaet er i dag avsett til landbruk (LNF).  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Kommunestyret i Eid har vedteke at ein skal framforhandle avtale om kjøp av eit 38,5 dekar stort område til bustadfelt i Mogrenda i Hjelle krins. Avtalen føreset semje om makebyteavtale og sal av eit anna areal regulert til bustad lenger vekk frå Rv15/E39 i same område, som då skal førast tilbake frå bustadformål til landbruk/LNF. Området ligg i gangavstand til Hjelle skule og rett ved gang- og sykkelveg langs E39/Rv15.

– Eid veldig gledeleg sak for krinsen og for Eid. Eg kunne tenkt seg at det var billigare, men vi får eit kjempegodt område. Veldig bra at vi får ei ryddigare grense mellom bustadareal og jordbruksareal. Det blir godt for både folk og fe, poengterte Steinar Furnes (V) om grunnkjøpet i kommunestyret. Han tok til orde for at kommunen bør vere obs på at både kommunal del og privat aktør får tilgang på attraktive tomter.

Alf Reidar Myrstad (Sp) la vekt på at det er viktig å ha attraktive tomter i heile kommunen, og at dette er ei langsiktig løysing der ein får avgrensa areala mellom bustadar og jordbruk til ein pris som er heilt grei.

Tore Hjelle (H) peika på at dette er eit førebels klarsignal til å jobbe vidare med saka. Han tykkjer førebels at saka er litt uoversiktleg.