Vi syklar og går til skulen

Dei syklar, går eller tek bussen til skulen. No er elevane ved Kjølsdalen montessoriskule også med på den landomfattande aksjonen «Beintøft».

Tre elevar ved Kjølsdalen montessoriskule som ikkje let foreldra sine køyre dei til skulen. I tråd med intensjonen i aksjonen «Beintøft». Frå venstre Erik Mathias Johnsen Allmenning, Samuel Myklebust og Sarah Natalie Book Leite.   Foto: Inger Træen

Nyhende

Kjølsdalen montessoriskule og Hjelle skule er dei to skulane i Eid kommune som er med i den landsomfattande aksjonen «Beintøft». Med fokus på å gå, sykle eller bruke kollektivtransport til skulen. Aksjonen starta opp denne veka og skal halde på fram til 28. september.