Nordhaug til sentralstyret i AUF

Reidar Fugle Nordhaug frå Førde er innstilt til AUF sitt sentralstyre
Nyhende

I oktober held AUF sitt landsmøte i Oslo. Reidar Fugle Nordhaug frå Førde i Sogn og Fjordane er einstemmig innstilt til nytt sentralstyremedlem i ungdomsorganisasjonen som og er Noregs største ungdomsparti, og det vil då vere første gong fylket er representert i sentralstyret sidan 2008.

Fugle Nordhaug har tidlegare vore lokallagsleiar for Førde AUF, fylkesleiar for AUF i Sogn og Fjordane og leiar av Førde Arbeidarparti.

– Eg er stolt over tilliten valkomitèen har gitt meg og dersom landsmøtet til AUF ynskjer det er eg klar til bygge AUF større og sterkare i åra som kjem. Eg trur at bakgrunnen min som distriktspolitikar og fagforeningsmann gir meg ein god moglegheit til å bidra til å bygge organisasjonen til å få meir gjennomslag for dei sakene som er viktig for oss, seier Fugle Nordhaug i ei pressemelding.

Har erfaring frå fagrørsla

I det daglege liv er Fugle Nordhaug frikjøpt som ungdomstillitsvald i Fagforbundet. Eg trur at den erfaringa som er har frå fagrørsla er veldig viktig med at ein får meir innsikt og forståing for den kvardagen som folk opplever. Det er viktig at både AUF er tross alt arbeidarane sitt ungdomsparti, og det er viktigare enn nokon sinne at vi faktisk forstår, og tar med oss dei utfordringane folk opplever både i arbeidslivet og elles, seier Fugle Nordhaug til Fjordabladet.

Like mogelegheiter

21-åringen har vore medlem i AUF sidan 2013 og har engasjert seg i organisasjonen grunna den retninga dei to blåblå-regjeringane fører Noreg i. For Fugle Nordhaug var velferdsstaten og like moglegheiter for alle dei hjartesakene som gjorde at han ville bli aktiv og ta på seg tillitsverv. 

–  Ei spennande sak som fylkeslaget sender til landsmøtet er knytt til bortebuarstipendet. AUF i Sogn og Fjordane ynskjer å både senke grensa for reisetid for å få bortebuarstipend og å auke beløpet til 70 % av grunnstøtta i folketrygda (noko som utgjer kring 5600 i dag), seier Fugle Nordhaug.

Innstillinga til sentralstyret viser i tillegg at Vestlandet er godt representert, med nestleiar Astrid Willa Hoem frå Møre og Romsdal, sentralstyremedlem Ronja Breisnes frå Hordaland og Snorre Skjevrak frå Rogaland.