Belastningar i kvardagen

Kurs i meistring

Vil du bli betre til å takle det som er vanskeleg? Kanskje treng du hjelp til å bli betre til å meistre belastningar knytt til privatliv, jobb eller sjukdom?

Inger Lise Nordnes frå Eid og Linda Hopland Bergset frå Stryn samarbeider om kurs for deg som ønskje rå betre evna til å meistre belastningar i arbeidsliv og privatliv.   Foto: Privat

KiB-kurs
  • KIB er utarbeidd for vaksne som har behov for og ønskjer å betre evna til å meistre stor belastning. Dette gjeld belastning knytt til sjukmelding/attføring, arbeidssituasjon, som pårørande, helseplager eller anna belastning i privatlivet.
Nyhende

– Då er kanskje eit KiB-kurs noko for deg, seier psykiatrisk vernepleiar Inger Lise Nordnes frå Psykisk helseteam i Eid.

Saman med kollega Linda Hopland Bergset, psykiatrisk sjukepleiar i Psykiatritenesta i Stryn, inviterer ho til kurs i meistring.

For alle

Oppstart av kurset er onsdag 26. september på Eid rådhus, men påmeldingsfrist er allereie måndag 10. september.

– Vi håper flest mogleg blir med. I Stryn i vår hadde vi same kurset, og då var det bra mange som var med. Dette kurset er litt mindre skummelt, og ein treng ikkje vere deprimert for å vere med. Dette er derimot eit godt kurs for alle, for vi kan alle trenge å takle det som er vanskeleg, seier Nordnes.

Kurset er eit kognitivt basert kurs for vaksne over 20 år. Det er utarbeidd for personar som ønskjer å betre evne til å meistre belastningar i arbeidsliv og privatliv.

Individuelt

Kva som vert opplevd som belastning er individuelt.

Belastningar som er så omfattande at ein ikkje er i stand til å meistre dei på ein måte som du sjølv opplever som akseptabelt, kan gi stressreaksjonar. Det kan gi emosjonelle reaksjonar i form av nervøsitet, irritabilitet og motløyse.

Det kan også gi fysiske reaksjonar som uro, mindre energi, overarbeidd, søvnproblem, hovudpine, muskelsmerter eller mageproblem.

Eller ein kan få kognitive reaksjonar slik som bekymring, gløymsel, konsentrasjonsvanskar, tankar om eigne manglar eller avmaktskjensler, fortviling og pessimisme.

Målet med kurset er å lære seg å gjenkjenne signala på overbelastning og å lære metodar og teknikkar som kan nyttast for oppnå betre meistring av belastningar knytt til arbeids- og privatliv.

– Meistring handlar om det ein gjer for å handtere belastninga, seier Nordnes.

Øvingar

Kurset er basert på forståing av samanhengen mellom belastning, meistring og stress. Det blir jobba med å kartlegge eigne belastningar og eigen meistrings- og tankestil.