Felleskjøpet på Nordfjordeid inviterte

Inspirasjon til hageinteresserte

Sist torsdag var det duka for inspirasjonskveld for hageinteresserte på Felleskjøpet på Nordfjordeid.

Anne Flore frå Nordfjord Stubbservice og landskapsarkitekt Helene Roussel inspirerte hageeigarar då Felleskjøpet inviterte til treff for hageeigarar sist torsdag.   Foto: Privat

Nyhende

Felleskjøpet opna nytt hagesenter i vår, og no var det tid for å inspirere hageeigarar.

– Dette er i tråd med at Felleskjøpet ønskjer å etablere seg i marknaden som ein kunnskapsformidlar innan hage, seier Ulf Inge Kjerpeseth, dagleg leiar for Felleskjøpet si avdeling på Eid.

Intimt og lunt

Landskapsarkitekt Helene Roussel vart hyra inn for høve. Ho er tilsett ved Nordplan, og gav dei oppunder tjue frammøtte råd og tips for korleis byggje opp ein intim og lun hage.

Roussel flytta frå Oslo i 2015, og har etablert seg i Leikanger med mann og familie på eit lite småbruk. Kontrasten frå å dyrke i små kasser på verandaen i storbyen til å boltre seg på småbruket er stor.

– Årsaka til at vi valde å flytte til Stad var dei fantastiske surfeforholda, smiler Helene. Ho angrar ikkje på at ho flytta vestover med ein vassekte surfar.

Hageinteresse i arv

Interessa for hage har ho med seg frå ei hageglad farmor som lærte ho å glede seg over alt naturen byr på. Utdanninga tok ho ved universitetet på Ås.

– Ein kan gruppere hageinteresserte i fire typar, fortel Helene og dreg fram særtrekka deira.

– Estetikaren er oppteken av harmoni, linjer, former, teksturar og kontrastar. Samlaren er oppteken av mangfald av plantar. Dyrkaren er oppteken av nyttevekstar, og den sosiale brukar hagen mest til hyggje, fortel ho.

Sjølv kjenner ho seg att i alle gruppene, men trekk fram estetikaren som for ho den viktigaste.

Viktig med mangfald

Helene snakka mykje om at det er viktig å ta vare på mangfaldet i hagen. Samspelet med alt levande i hagen, der bier, humle, fuglar og insekt òg er velkomne i idyllen.

– Med enkle grep kan du skape ein levande hage som gjev stor glede for både insekt, fuglar, dyr og menneske, seier ho. Ta til dømes den fleirårige buska Buddleia davidi. Den blomstrande buska verkar som ein magnet og skapar ein oase for sommarfuglar av ymse slag, seier ho.

Rom

– Når eg tenkjer hage ser eg føre meg eit rom med golv, vegger og tak. Golvet treng ikkje vere gras. Det kan vere grus, steinheller eller ein platting av tre. Veggane skapar rom og kan bestå av plantar i forskjellige høgder. Taket kan like gjerne vere ei trekrone som ein pergola. Det er dette som gjer til at estetikaren i meg vaknar, seier Helene. Ho tek gjerne private oppdrag gjennom jobben sin i Nordplan.

Anne Flore frå Nordfjord Stubbservice var og til stades og fortalde om korleis ho enkelt kan fjerne røter og svære stubbar som kan vere til hinder for nye prosjekt i hagen.