Seniornett Eid startar igjen

– Kom og lær

– Folk skal ikkje vere redde for å kome og lære meir om korleis ein brukar internett, seier Solgunn Leivdal, leiar for Seniornett Eid.

Nettbruk: Solgunn Leivdal vil ha med fleire eldre til å lære å bruke data. 

Nyhende

No inviterer Seniornett til nye datakurs med oppstart i midten av september. Det blir kurs både for dei heilt ferske og for dei vidarekomne. Men først inviterer dei til ope informasjonsmøte onsdag 12. september.

– Seniornett starta opp i 2011, og sidan det har vi hatt fleire kurs. Vi må aldri vere redde for å dumme oss ut med å spørje om hjelp. Her er det både dei som kan gi oss innføring, og vi kna hjelpe kvarandre. Vi ser at det er naudsynt med å lære seg nettbruk både med tanke på post, informasjon frå banken og anna, seier Leivdal.

– Alle kan lære seg å bruke data, men når vi er opp i åra så lærer ein ikkje så fort som før, påpeikar ho.

– Eg ser kor viktig det er å lære seg data. Eg er ikkje så flink sjølv, men eg klarer meg, fortel ho. No ønskjer ho mange vil vere med vidare på Seniornett sine samlingar.

– I dag er vi 65 medlemmer, og det er ein fin gjeng, seier ho.