Konsert i Selje

Sunnivakoret feirar 15 år

  Foto: Sunnivakoret

Nyhende

Sunnivakoret er i år 15 år, og skal markere dette med ein konsert i Selje kyrkje på søndag.

Koret blei starta opp i 2003, og Per Oddvar Hildre har vore dirigent heilt frå starten. Koret har 70 medlemmer frå kommunane Selje, Vanylven og Vågsøy.

Under konserten på søndag vil Martin Herfjord og Marita Bødal Nybakk vere solistar.