Får tilskot til utsiktsrydding

UTSIKTSRYDDING: Arkivfoto: Per Ole Lefdalsnes  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Nyhende

Fylkesmannen har løyvd eit tilskot på inntil 96.950 kroner til Kjell Magne Åshamar til utsiktsrydding på gnr. 12.bnr 1. og 2 ved Åshamar. Søknaden gjeld tilskot til utsiktsrydding knytt til landbruket sitt kulturlandskap. Åshamar ynskjer å rydde langs gardsvegen, den gamle skogvegen opp til utmarka og den nye Kviebakkevegen. Han vil også rydde i tilstøytande beiteområde.

Tur og turistområde

Fylkesmannen legg vekt på at vegane der det skal ryddast ligg tett opp til området ved den nye skogsbilvegen som går på sørsida av Eidsfjorden og nesten til Nordfjordeid.

På grunn av at dette området ligg i gangavstand frå sentrum, er dette eit turistområde. Det vert også mykje brukt som turområde for lokalbefolkninga. Området er i dag prega av rin del tilvaksne felt og ein del opne beiteområde med mindre skog. Ryddinga vil bli utført som avstandsregulering og stammekvisting til fordel for snauhogst.

Planen går mellom anna ut på å ta vare på spreidde førekomstar av bjørk og stamme desse opp. Nokre seljer vil bli stubba ned slik at dei kjem opp att, og hassel vil og få vekse opp att i det område som var kultivert for hassel tidlegare. Tresortar som ikkje er ønska vil bli behandla med Roundup. Det vil bli lagt vekt på at området skal kunne nyttast til beite i etterkant.

Samla kostnadsoverslag er på 149.750 kroner og Eid kommune har tilrådd at søknaden vert innvilga.