Eidarar styrer Måløy vgs

Ein tredel i leiargruppa ved Måløy vgs. er eidarar. I tillegg til rektor er ein av avdelingsleiarane eidar pluss sju andre tilsette.

TO EIDARAR I LEIINGA: Begge har hatt lang yrkeskarriere i Eid, men er no tilsette ved Måløy vgs. T.v.: rektor Åsta Navelsaker Røed. T.h.: avdelingsleiar og arbeidslivskontakt Alf Reidar Myrstad.   Foto: Per Ole Lefdalsnes

100 millionar kroner er alt løyvd til ny båt

Åsta Navelsaker Røed, rektor
Nyhende

Åsta Navelsaker har vore rektor ved skulen i vel to år. Etter å ha vore utdanningsleiar ved Eid vgs., og før det utviklingsleiar ved Måløy vgs., kom ho attende som rektor ved skulen frå skuleåret 2016/17. Ho er fødd på Navelsaker, gjekk Eid vgs. 1982 – 1985, bur på Indre Røed, og med ein biltur til Tennebø på 35 minutt, går det greitt med pendling. Ho er gift, har vaksne barn og har hagearbeid og friluftsliv som fritidssyslar.