Eid knuste Dale

Det vart ein reprise på førre heimekamp då Eid møtte Dale laurdag.

  Foto: Yngve Tolaas

Nyhende

For to veker sidan banka Eid Tornado Måløy med 10-1. Akkurat same resultat vart det då Dale gjesta Eid stadion laurdag.

Heimelaget var like overlegne som resultatet tilseier. Den einaste Dale-spelaren som teikna seg på scoringslista, var tidlegare Eid-spelar Andreas Bjørhovde Heggedal.

Eid gjekk til pause på stillinga 4-0. Målscorarar var Joakim Vedvik (2), Vebjørn Høynes og Simen Lefdal.

I andre omgang vart det seks nye scoringar. Simen Lefdal (2), Joakim Vedvik, Jonas Heggen Trosdahl, Espen Rosø og Kristian Lefdal sto for nettkjenningane.

Andre resultat frå Kretsligaen:

Skavøypoll-Stryn 0-4

Studentspretten-Bremanger 5-1

Vik-Fjøra 1-1

Florø 2-Tornado Måløy 1-3

Kaupanger-Årdal 2-1