Blir lagt ned

Drifta av naturgassanlegget til Eid Fjordvarme blir lagt ned.

Dagleg leiar i Fjordavarme AS, Magne Hjelle. Arkivfoto. 

Nyhende

Magne Hjelle, dagleg leiar i Eid Fjordvarme AS har i e-post til Eid kommune opplyst om at dei har fått oppseiing og varsel om oppseiing for 6 av dei 12 bygningane som pr. dato får levert naturgass. Desse bygningane representerer om lag 70 % av effektbehovet/gassforbruket. Hjelle peikar på at det ikkje vil vere teknisk eller økonomisk forsvarleg å drive naturgassanlegget vidare med den gjenverande kundemassen. På bakgrunn av dette vil drifta av naturgassanlegget bli lagt ned.

Eid Fjordvarme varslar om at alle kundeavtalar om levering av naturgass vert sagt opp frå 01.10.2018. Dei håpar at noverande gasskundar ordnar seg med alternative løysingar frå dette tidspunktet.