Alexander gler seg til kveldens stjernekamp

I tredje runde i Stjernekamp er Alexander Pavelich klar for Hip-Hop. Han skal framføre «Lose yourself» av Eminem.

Etter å ha gått vidare i sjanger country er Alexander Pavelich klar for hip-hop under Stjernekamp i kveld.  Foto: Julia Marie Nagelstad, NRK

Nyhende

I utgangspunket var det Hip-Hop Alexander var mest usikker på. Ein sjanger som ligg litt langt vekke frå den musikken han held på med til vanleg. Men etter øving kjenner han seg meir sikker, og gler seg no til Hip-Hop.

–Hip-Hop er faktisk den sjangeren som eg no gler meg mest til, sa musikaren frå Eid til Fjordabladet for litt over ei veke sidan. No har han finslipt framføringa gjennom ei veke med øving saman med mentor og sjangerekspert Maria Karlsen.