Alexander er med vidare i Stjernekamp

–  Ekstremt imponerande

Skjermfoto frå kveldens Stjernekamp 

Skjermfoto frå kveldens Stjernekamp 

Skjermfoto frå kveldens Stjernekamp 

Nyhende

I kveldens utgåve av Stjernekamp på NRK1 var sjangeren hiphop.  Alexander Pavelich frå Eid framførte “Lose Yourself“ av Eminem. Han hadde ikkje gjort det lett for seg sjølv med val av låt og imponerte dommarane.

–  Ekstremt imponerande å kunne rappe denne teksten. Engelsken, rytmen, "flowen", den har du. Dette er kanskje den låten med høgast vanskelegheitsgrad i dag.

– Du har lagt lista høgt. Eg synest du gjennomførte bra. Du har veldig god energi. Du «nailer» det, var av kommentarane frå dommarane.

Sjølv om der var nokre detaljar som kunne ha vore betre, så fekk dagens framføring aller mest ros. Både stemmen og rytmen var på plass når det gjaldt, sjølv om Alexander den siste tida har slite med ei haustforkjøling med mykje snørr og gørr. 

Og også publikum var godt fornøgde med dagens prestasjon og stemde eidaren vidare.

No gler Alexander Pavelich seg til neste laurdag, då er sjangeren er soul.