Grunneigarane seier nei

Liker ikkje planar om oppdrettsanlegg

Grunneigarane i Hundvika stiller seg svært negative til etablering av oppdrettsanlegg på tiltenkt lokasjon i Hundvika.

AREALPLAN: Areal for akvakulturføremål er vist med raudt/lilla i gjeldande arealplan. Søknaden gjeld området VA05.   Foto: kommuneplan for Eid kommune

Nyhende

 

Grunneigarane i Hundvika har kome med innspel i samband med søknad om etablering av forskingsanlegg/oppdrettsanlegg i Hundvik der dei peikar på at det kan synest som om området til akvakulturføremål er utilstekkjeleg greidd ut på førehand, med tanke på naturmangfald og påverknad i dette området.