Din Bustad AS

Kakefest for Lunden-prosjektet

Torsdag ettermiddag vedtok Kommunestyret i Eid detaljreguleringsplan for eit nytt bustadområde i Lunden i Nordfjordeid sentrum. Fredag var det kakefest i kontorlokala til Din Bustad AS.

Din Bustad AS markerte kommunestyret i Eid sitt vedtak om å godkjenne detaljreguleringsplanen for bustadområde i Lunden med fruktsjampanje og kake. Frå venstre: Olav Hjelle, styreleiar i Din Bustad Eigedom AS, Halfdan Faleide, styreleiar i Din Bustad AS, Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS, Torgeir Melheim, medeigar i Din Bustad AS, Svein Lasse Bødal, medeigar i Din Bustad AS, Kristian Stokkenes, tilsett i Bødal og Næss Bygg AS, Nikolai Hundvik, tilsett i Bødal og Næss Bygg as, og Tor-Egil Meland, dagleg leiar Ose Ingeniørkontor.   Foto: Tormod Flatebø

Dekoren på kaka var ikkje overraskande dei framtidige blokkene Din Bustad skal bygge i Lunden.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Vedtaket i Kommunestyret betyr at fundamentet for prosjektet som vi har jobba med ei god tid er på plass. Med det meiner eg at ikkje lenger treng å vente på avgjerder frå andre, og at vi slik sett har kontroll over vår eiga tid, sa Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS.


 

Stjernearkitekt

Din Bustad Eigedom AS, hundre prosent eigd av morselskapet Din Bustad AS, fekk hand om det 5,7 mål store området i Lunden får nærare to år sidan. I april 2017 hadde Fjordabladet eit større oppslag om planane selskapa hadde for bustadprosjekta i Lunden. Med på laget hadde ein då fått med seg den kjende arkitekten, kanadiaren  Todd Saunders, som hadde vore delaktig i å utarbeidd ein førebels plan som gjekk ut på å byggje fire bustadblokker med til saman 60 leilegheiter i området som er avsett til bustader i arealdelen av kommuneplanen.

I tråd med planverket

–Prosjektet er i tråd med kommunen sine mål om fortetting av sentrum og auka bustadbygging i gang-/sykkelavstand til skular, servicetilbod og arbeidsplassar, sa Tor-Egil Meland, som var sterkt delaktig i å få stjernearkitekt og ven Todd Saunders inn i prosjektet.

–Todd Saunders, som er busett i Bergen er glad i Vestlandet og naturen, og det var noko ei medverkande årsak til at han tende på ideen om å vere med å utvikle Lunden-prosjektet, sa Tor-Eigl.  Målsettinga er at Todd Saunders blir med oss vidare i prosjektet, ss Vegard Meland.

God dialog

–Ein grunn til at vi nå kan ta bustadprosjektet i Lunden stegvis vidare, er den gode dialogen vi har hatt med Eid kommune, sa styreleiar i Din Bustad AS, Halfdan Faleide då fruktsjampanjen og kaka vart spretta på Din Bustad sitt kontor fredag.