Geir Oldeide på topp

Geir Oldeide blir listetopp på Raudt Kinn si valliste til det komande kommunevalet neste haust.

På topp: Geir Oldeide toppar lista til Raudt Kinn. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Oldeide var det klare fyrstevalet for raudtlaga i både Vågsøy og Flora, og har no takka ja til å stille på topp når Raudt Kinn stiller til val neste haust. Leiar i Raudt Vågsøy, Daniel Henriksson, er svært nøgd med at Geir har bestemt seg for å stille.

–Ein meir rakrygga og ærleg politikar skal ein leite lenger etter! No vil vi gjerne ha med mange nye med på laget, både som medlemmer og listekandidatar.