Etterlyser alternativ helikopterlandingsplass

– Den eksisterande helikopterlandingsplassen på Nordfjordeid ved sidan av gatekjøkkenet ser ut til å bli dårlegare og dårlegare eigna for litt større helikopter innanfor søk, redning og ambulanseteneste.

-I påvente av ny permanent landingsplass meiner vi det er viktig at ein finn eit godt midlertidig alternativ, seier Oddvar Hulbak, leiande flygar CHC Helikopter Service AS.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det skriv Oddvar Hulbak, leiande flygar CHC Helikopter Service AS, i eit brev til Are Fagerli i Eid kommune. I brevet peikar Hulbak på at utfordringane blir merkbare ettersom nye attraksjonar blir bygd nær landingsplassen der desse inneheld ting som kan blåse over ende og skade omgjevnadane.

– På fine dagar når ein del folk er på badeplassen, kan også deira lause gjenstandar bli blåst av garde når ein kjem inn for landing. I påvente av ny permanent landingsplass meiner vi det er viktig at ein finn eit godt midlertidig alternativ. Det ideelle er ein plass i nærleik av fjorden slik at ein ikkje treng å fly inn over sentrum, spesielt nattetid. Likeins må det vere enkelt å flytte pasient over frå ambulansebil til helikopter. Vi har ved enkelte høve landa på den store grusplassen ved hestesenteret. Men ein grusplass kan vere utfordring i tørre periodar slik som nå i sommar på grunn av laus grus og støv som kvervlar opp, skriv Oddvar Hulbak i brevet.