Eid vgs. kan få padelbane

  Foto: Fjordabladet

Nyhende

Eid vgs. har kome med innspel om nærmiljøanlegg i form av ei padelbane ved skulen. Tanken er å få bygt den i samband med nybygginga av tre klasserom vest for skulen, som no er starta opp og at den skal stå ferdig til våren. Det vert Eid vgs. (Sogn og Fjordane fylkeskommune) som vert anleggseigar.

Padel er ein kombinasjon av tennis og squash, og er ein sterk veksande idrett. Padel kan spelast både inne og ute. Det er normalt to spelarar på kvart lag, og arealbehovet for ein padelbane er berre om lag 200 m², noko som er om lag 1/3 av ein tennisbane. Slike små, kompakte baner gjev moglegheit for mykje aktivitet på avgrensa plass.