Eid kommune -

Byggjer oppseiingssak på usanne og udokumenterte påstandar

– Eg har jobba som tilkallingsvikar i vernepleietenesta I Eid kommune i 13 år. I løpet av desse åra har eg aldri mottatt ein einaste klage på arbeidet mitt.

Ærekrenkande: – Skuldingane som Eid kommune har kome med mot meg har vore – og er – svært belastande og ærekrenkande, seier Willy Røysen som endå ikkje har fått dokumenterte påstandane frå Eid kommune. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Det seier Willy Røysen som hausten 2016 vart innkalla til møte med kommunesjefen. Etter møtet starta det som fram til i dag har vore ein nesten to år lang kamp for å reinvaske namnet sitt.