Avskilta trimma mopedar

Statens vegvesen har i dag gjennomført kontroll i Måløy og Lefdal.
Nyhende

Det vart gjennomført kontroll i Måløy der totalt 21 mopedar vart kontrollerte. To av dei vart avskilta på grunn av trimming. Ein mangla forsikring på køyretøyet, og ein mopedførar fekk gebyr for manglande dokument.

Det vart også gjennomført kontroll av bilbeltebruk i buss, og i dag hadde alle busspassasjerane beltet på. Det vart gjeve mangellapp for tekniske manglar på eitt køyretøy.